Barlia F.K. Bedrift - Betre enn nokon gong - 26.08.2005

Spelarane i BFK Bedrift har vore gjennom ein tøff sommar. Nokre av oss er nesten oppe i tosifra tal på treningar i sommar. Ikkje særskilt imponerande? Vel, for sofaslitande dagdrivarar, late studentar, sløve fabrikkarbeidarar, makelege handverkarar og treige trailersjåførar er dette særs hardt. Men på Nattcup 2006 vert vi farlege!

Lagspelet har betra seg, kondisen aukar stadig, og spelarane er klare som aldri før. Nytt av året er treningsprogrammet for hausten. Strategisjef Espelund har sett ballkontroll på agendaen. Laget skal trene på å verte flinkare med ballen, betre på presise pasningar, hardare i forsvar og kjappare i vendinga. Gutane byrjar å få ein viss kontroll på koordinasjonen mellom sko og ball. Dette fører også til vår fyrste investering nokon sinne; ballar. Utover hausten vil dei oransje verte å sjå overalt med ball, seier saftsjef Sve. I gatebiletet på Stranda, ved husveggen til naboen, inne på fryseriet til Stabburet, på Dokkeskjærskaia i Bergen, på lageret til Bravida, kontoret til Powel Gemini og bak ei veikro i Gudbrandsdalen. Vi skal ikkje berre spele underhaldande fotball, vi skal vinne kampar, og ha eit visst minstemål på ballhandsaming. Men BFK Bedrift har ikkje gløymt kvar dei kjem i frå, underhaldninga er i fokus. Publikumsvenleg fotball er BFK Bedrift sin høgste verdivisjon. Våre spelarar har ein sjarm ingen andre kan måle seg med, og spelet vårt er aldri keisamt. Også dette året vinn vi publikum, på vår fantastiske framferd. Show-fotballen er vår fremste delmålsstrategi, og dei som ikkje kjem på Nattcup 2006, går glipp av eit stykke fotballhistorie, seier fragmentarisk trenar Vågsæter.

Ole Petter Sve, Legesletta 21, 6200 Stranda, www.ofjølg.net