Romjulstreningar for Barlia Fotballklubb - 31.12.2005

Det vart i romjula 2005 gjennomført to fellestreningar i Strandahallen for alle fem Barlia-laga. Treningane fann stad andre og sjette juledag, og vi var ca. 15 stk begge gongane.

Det var ymse nivå på desse treningane, så treninga kom nok godt med for mange :-)

Somme imponerte med lite trening og godt spel, medan andre hadde det motsatt, men alt i alt var det ikkje så hakkande gale.

Det møtte opp spelarar frå alle fem Barlia-laga, men ikkje alle laga var like godt representert. Ekstra kred til FK Barlia og BFK Farmers som hadde nesten alle med.

Det var skøy å spele ball igjen for mange, så det kan hende at det vert fleire treningar i veka mellom nyttår og Nattcup 2006. (Følg med på forumet).


PS: BFK Bedrift ga seg ikkje med desse to fellestreningane, men hadde ekstra-treningar i Vestborghallen. (Sjå bilder her).