Oppkjøring for BFK Bedrift - men er metodane riktige? - 13.12.2006

BFK Bedrift ligg tilsynelatande ikkje på latsida no i førjulstida. På Nattcup`07 skal prestasjonane på parketten heve seg betrakteleg forhold til dei foregåande åra. I 2006 blei målforskjellen 0-46 på 5 kampar, året før var ikkje fullt så ille med 1-60 på 7 kampar. Dette skal altså forandrast på i 2007 meinar Jon David Høyland, Bedrifts mållause spiss. Men kva er grunnen til dei dårlege resultata?

Jon David har lagt seg i hardtrening til Nattcup 2007, og er stadig å sjå joggande i Mannsverk/Landås-området i Bergen. Til høgre ser du den nye joggeruta hans, ei solid rute på litt over 7,5 kilometer.

Joggeturen startar utanfor bupelen til Jon og Nils på Mannsverk, og fortsett med ganske kraftig stigning heilt opp til Lægdene, før det flatar ut mot Montana, der Jonnemannen vendar nasen heimover. Derifrå og heilt ned til Storetveitvatnet går det nedover, og etter at Jon David har sprunge rundt vatnet, tek han til på siste stigning opp tilbake til Mannsverk.

Første runde på joggeruta gjennomførte Jon David for nokre dagar sidan, og han tikka seg sjølv inn på litt over 48 minutt. Alt i går såg han forbetring, for han brukte 46,30 minutt på samme runden. - Dette luktar det storform av, seier JD i ein kommentar.

Treningsturane er eit ledd i BFK Bedrift si felles oppkjøring til Nattcup`07. På Barlia Fotballklubb sitt forum har Bedrift laga ein tråd som heiter Opprulling til Nattcup 2007, der utvekslar og diskuterer Bedrift-spelarane blant anna erfaringar og treningsopplegg.

I dag har Jon David og Nils Einar både spelt squash og sprunge på tredemølle på Paradis sportssenter. Begge er på veg mot matchvekt og forma er altså gryande!

- Får vi oss nokre treningar og taktikkmøter i Strandahallen romjula, kanskje på Vestborg også, så skal ein ikkje sjå vekk i frå at vi scorar eit mål under Nattcup 2007, hevdar Jon.

Kvifor BFK Bedrift har gjort det så dårleg dei siste åra veit han ikkje, men Jon har ein teori om at det er store mengder kebab som må ta skulda for dei dårlege resultata. - Du veit, ein oppnår ikkje det samme når ein samlast rundt ein kebab som det blir rundt ein fotball, smiler Jonny D.

Breaking news!
Men barliafk.com-redaksjonen har sannsynlegvis funne svaret på kvifor det går så dårleg med Barlia F.K. Bedift. Svaret er swissrull! (les meir om swissrull her). Etter Jon David Høylands 46,30-runde, på den nye joggeruta hans, vart bildet under teke. Det viser en lett henslengt JDH som inntek store mengder swissrull. Etterforskinga har enno ikkje kome fram til om swissrull er eit utberett problem i Bedrift-leiren, men mange hevdar at grunnen til at Nils Erik Espelund la sko på hylla som BFK Bedrift-spelar, og gjekk inn i ei administrativ stilling i Barlia Fotballklubb, skuldast at han ikkje klarte å skjule det store forbruket av swissrullar. Påstandane kan ikkje bekreftast på noverande tidspunkt, men swissrullsaka blir jobba med vidare.

 

Bildebevis? Er dette beviset for BFK Bedrifts dårlege resultat dei siste åra? Døm sjølv!