Mål nummer 1000 for Barlia Fotballklubb - 08.01.2008

Under Nattcup 2008 kom mål nummer 1000 i Barlia Fotballklubb si historie, men kven hadde trudd at det skulle bli ein skøyar frå Skodje som skulle score det historiske målet?

Allereie før Nattcup 2008 var i gang var vi klar over at scorte dei 4 Barlia-laga 31 mål i løpet av natta, ville det historiske målet komme, og utpå morgonkvisten begynte vi å nærme oss. Klokka 09.50 spelte BFK Babes mot Frustrerte fruer, då hadde Barlia Fotballklubb scora 998 mål sidan starten i 1994.

Jentene gjekk ganske tidleg opp til 1-0, og det 999. målet var scora, kven ville komme til å score mål nummer 1000? det var enno lenge igjen av kampen. Tonje Berge var hissig på å bli historisk, men stolpen stod i veien, det gjorde den heile tre gongar i kampen. I tillegg spelte den bakerste frustrerte frua utruleg godt, og stoppa skudd frå både Beate og Anna Lina. Kampen enda 1-0.

Neste kamp med Barlia-lag involvert vart ironisk nok Barlia F.K. mot BFK Farmers. Dei to Barlia-laga møttes i mellomspelet, og det var med andre ord store sjansar for at målet skulle komme i denne kampen.

Og det skulle ikkje ta langt tid for det historiske målet kom. Etter litt rot i Barlia F.K. sitt forsvar, fekk den "nysignerte" Bjørnar Aure frå Skodje komme på fin skothald. Sjølv om Sørå fekk ei hand på ballen, var det ikkje nok til stoppe farmarane, 1-0 og mål nummer 1000 var eit faktum. Speaker Ole Magnar Kjølås stoppa kampen, og gav Bjørnar t-skjorta som du ser på bilde til høgre. Denne skjorta spelte mannen frå Skodje med resten av kampen.

Etter kampen måtte Bjørnar innrømme at det var litt spesielt å score. "Vi snakka om det før kampen, det ville vore artig at eg som ny på laget kom og scorte jubileumsmålet, og det skjedde jo!", sa Bjørnar, som scorte 2 mål til sammen på Nattcup, det første kom i debutkampen.

Kampen var ikkje berre historisk på grunn av målet. Det var også første gongen Barlia F.K. tapte mot eit anna Barlia-lag, og det til gangs. Når sluttsignalet gjekk stod det heile 5-0 til BFK Farmers, er det eit troneskifte på gang i Barlia Fotballklubb?

Barlia Fotballklubb vil med dette takke alle som var vore med å bidratt til at dei 1000 måla har vorte scora, og ikkje minst gratulerar vi Bjørnar Aure med scoring nummer 1000. Vi gler oss til dei 1000 neste!