Romjulsturnering i Barlia Fotballklubb + FC Walkover - 29.12.2008

Den årlege romjulsturneringa i Barlia Fotbalklubb vart gjennomført i Strandahallen 5. juledag. Som vanleg var også FC Walkover med på "treningscupen", og dette var tredje året på rad at BFK arrangerte turneringa.
 
Med tanke på julemiddagar, revyøvingar, vennesamankomstar og anna julemas, var det forholdsvis godt oppmøte på turneringa, men det som først må nevnast er den store sensasjonen.

Allereie i den første kampen FC Walkover spelte, fekk vi eit vasko. BFK Babes vart feid av bana med 4-0, og sjølv om det kanskje ikkje seier stort, så må det nevnast at Babes vann med samme sifra i tilsvarande kamp i fjor. I FCW sin andre kamp møtte dei Barlia F.K., og etter to kanonbrølera av keeper Sørå, blei han redda av opphentinga til resten av laget - likevel ein aldri så liten overraskelse tidleg i turneringa med sluttresultat 2-2.

Walkover-gjengen kom fort ned på jorda igjen i neste kamp. Då vart det 1-2-tap mot BFK Bedrift, og det kunne sjå ut som om den gode starten berre var eit blaff. Men i den siste gruppespelkampen viste dei svarte og gule i FC Walkover seg fram igjen. Med 3-1-seier over BFK Farmers blei det finale mot Barlia F.K.! Sensasjonen var eit faktum, sjølv om det blei 6-1-tap i finalen. Kred til FCW for god innsats og Sfinx i Strandahallen.

Viss ein skal sjå nærmare på Barlia-laga, så må det nevnast at ingen av laga var fulltallige, spesielt Babes og Farmers mangla ein del spelarar, likevel vart det ei fin gjennomføring før vinterens vakraste eventyr startar fredag 2. januar kl 18.00. Det må også nevnast at turneringas toppscorarar blei BFK Bedrift sin Thor Olav Drege. Superspissen bøtta inn mål før han måtte på revyøving på Kulturhuset, dette lovar bra for Nattcup 2009.

Under ser du resultata frå romjulsturneringa. (Kampane varte i 8 minutt, altså eit minutt kortare enn i fjor).

 
Knr. Lag Resultat
1 Bedrift - Farmers 1-2
2 Babes - FC Walkover 0-4
3 Barlia F.K. - Bedrift 4-0
4 Farmers - Babes 4-1
5 Barlia F.K. - FC Walkover 2-2
6 Babes - Bedrift 0-6
7 Farmers - Barlia F.K. 2-4
8 Bedrift - FC Walkover 2-1
9 Barlia F.K. - Babes 7-1
10 Farmers - FC Walkover 1-3

Gruppespeltabell

Nr Lag A.K. S U T Målf. P
1 Barlia F.K. 4 3 1 0 17-5 10
2 FC Walkover 4 2 1 1 10-4 7
3 Bedrift 4 2 0 2 9-7 6
4 Farmers 4 2 0 2 9-9 6
5 Babes 4 0 0 4 2-21 0

Finalar

Knr. Kamptype Lag Resultat
11 Bronsefinale Bedrift - Farmers 0-2
12 Finale Barlia F.K. - FC Walkover 6-1


PS: FC Walkover har lagt ut ein rapport frå romjulsturneringa på heimesida si. Les den her.


PS2: Vi vil også takke Kato "Diego" Vangen for glimrande dømming under turneringa, velkommen igjen Kato ;)


Kim og Monika klar for Romjulturnering 2008.


Deler av BFK Babes.


Torgeir prøvde å få tak i Martin, men han låg heime med ein mystisk sjukdom.


Lite visste vi på forhånd at dette seinare skulle vere eit finalelag.


FC Walkover sitt hemmelege våpen!


Finale mellom Barlia F.K. og FC Walkover.