Gruppevinnar med 12 poeng - Oppsummering av Nattcup 2009 - 07.01.2009

Bombene stod i kø under Nattcup'09. Fleire gruppevinnarar vart slått ut i play-off-spelet, og lag som Systembolaget, Hoggorm, Kappa Nova og Barlia F.K. rauk ut, og stod igjen med kun 12 poeng på maratontabellen. Nok ein gong vart Barlia Fotballklubb si ære redda av BFK Babes.

Jente spelte seg fram til ein bronsefinale, der det blei eit knepent 2-1-tap for Puma Queens. Likevel stod babesa for den desisert beste prestasjonen av Barlia-laga, toppscorar vart Tonje Berge med heile 6 mål.

Nokon som lenge såg ut til å bli eit sensasjonlag var BFK Bedrift. I sin første kamp mot Ekkel & jævli hadde dei både 1-1 og 2-2, men i løpet av det siste minuttet kom det to kjappe i sekken, og då sluttsignalet gjekk stod det 2-4. Likevel eit gledeleg resultat for eit hardtarbeidande bedriftlag. Laget blei seinare på natta diska grunna for dårleg oppmøte på ein av kampane, dette er noko vi ønsker ikkje skal gjenta seg.

Som sagt var Nattcup 2009 bombenes turnering. Det er ikkje kvardagskost for verken Kappa Nova, Systembolaget eller Hoggorm å stå igjen med 12 poeng, og få hadde vel trudd at BFK Farmers skulle bli sist i gruppa si. Likevel var det farmarane som gjekk vidare til mellomspelet ved å slå gruppevinnar i nabopulja, Barlia F.K. i play-off-kampen. Men etter tap og uavgjort i mellomspelet, blei det exit for BFK Farmers også.

Sportsleg var det mange høgdepunkt for Barlia Fotballklubb under Nattcup 2009, med spel som tidvis var svært oppløftande, men resultatmessig kan vi ikkje sei oss heilt nøgd. Meir om dette kjem i den reviderte cup-evalueringa, som vert offentleggjort torsdag til våren.