Barlia Fotballklubb med stand på Strandadagane 2009 - 11.08.2009

I samband med Barlia Fotballklubb sitt 15 års jubileum i 2009, stiller jubilanten med stand på Strandadagane 4. og 5. september. Det vert tombola, triksekonkurranse, ballongar og anna snop frå stand-teltet vårt.

Tombolaen er i gang, så lenge standen held ope, og det vert premiar for store og små. Pris pr lodd: 5 kr.

Triksekonkurransen skjer på utsida av standen. Der er målet at deltakaren klarar så mange berøringar som muleg før ballen treff bakken. Dei tre beste triksarane, kjem til finalen, som går av stabelen på scena under Alperittet på sykkel på lørdags ettermiddag. Pris pr forsøk: 5 kr.

Etter at standen er pakka ned på lørdags ettermiddag, blir det vorspiel ein eller annan stad på Stranda. Rykta sei at det luktar blant anna badestamp og allsang, men arrangøren av festlegheitene held korta tett til brystet og vil heller ikkje røpe sin identitet. Meir informasjon kjem når Strandadagane 2009 nærmar seg.

PS: For dei som skal vere med som funksjonærar, er det meir info på facebook-eventen her.