Suksess med 15 års jubileumsstand på Strandadagane 2009 - 09.09.2009

Barlia Fotballklubb gjorde stas på seg sjølv med eigen stand under Strandadagane fredag 4. og lørdag 5. september. Dette i samband med at klubben er 15 år i 2009. Standen blei ein ubetinga suksess med tombola og triksekonkurranse, der finalen gjekk av stabelen frå hovudscena.

Fredag klokka 15.00 opna standteltet som var pynta opp i oransje og svart midt på allmenningen i Stranda sentrum. 173 premiar, deriblant ryggsekkar, bilvaskar, gavekort på pizza og elektriske tannbørstar, stod ferdig
til å vinnast under tombolaen, og fem ballar låg klar til å bli brukt under triksekonkurransen.

Publikum både triksa og kjøpte lodd, og då standen stengde litt over klokka 18.00 på lørdagskvelden, var det tomt for både lodd i tombolabøtta og premiar på premiebordet. Under kan du sjå bilder frå standen på Strandadagane, som arrangementsmessig var ein suksess, og gav kjærkomne kroner i klubbkassa.

Trykk på her eller på bilde til høgre for å lese kva lokalavisa Sunnmøringen skreiv om klubben sitt jubileum.

Barlia Fotballklubb vil med dette takke alle bedriftene som sponsa 15 årsmarkeinga:

G-Sport Stranda (Hovudpremie på triksekonkurransen - adidasball til ein verdi av 1000 kr).

Nille - Sletten Senter, H&D - Bergen Storsenter, Clas Ohlson - Bergen, Stranda Bok & kontorserice, Motorhuset Esso Stranda, Norli - Sletten Senter, Fotoknudsen - Bergen Storsenter, Norli - Bergen Storsenter, Telebutikken - Bergen Storsenter, Trend - Bergen Storsenter, Dolly Dimples - Bergen Storsenter, Citybag - Bergen Storsenter, Digg - Bergen Storsenter.