Statusrapport frå Barlialaga - 10.12.2009

Barlia Fotballklubb kan melde om at også i 2010 stiller alle fire Barlialaga til Nattcup. Her kjem ein liten statusrapport laga Barlia F.K., BFK Farmers, BFK Babes og BFK Bedrift.

BFK Bedrift
er så og seie skadefri heile gjengen, i alle fall når det gjeld ytre skader. Laget fekk ein knekk i fjor då dei ikkje møtte opp på ein av kampane på natta, og vart diska. Riktig nok er Anders F. ute med skade, og Jens Fredrik sit fast i Stavanger, men resten er klare med nyt friskt mot. Thoro, som tidlegare i år tok det store steget og flytta frå Stranda til Oslo, er enno litt usikker i forhold til jobb, men sjansane er store for at Strandas store sønn blir å finne på parketten undet Nattcup 2010. "Chippen" blir vel ikkje den samme uten Thoro'n?

Desse er med:
Henrik, Knut Einar, Rune, Anders H., Jon David, Kim F., Thoro (?) og Martin. Manager PK styrer laget med hard hand frå sidelinja.

Aktuelt på BFK Bedrift: I desse dagar er klubben i harde forhandlingar om å leige inn Kim Sture Flo. Kim, som har kjennskap til Bedriftgjengen, var med seinast under Nattcup 2009. Det ryktast også at ein profilert kjendis skal forsterke laget i år.

BFK Babes
slit litt med å stille folk i til vinterens vakraste eventyr. Hittil tel laget berre seks jenter, og laget manglar keeper i og med at Karina ikkje kan stille. Stine, Malin M. og Kamilla kan heller ikkje vere med grunna skule. I tillegg blir halvparten av støtteapperatet, i motivator Hege, borte fra Strandahallen under Nattcup 2010, men koordinator av 1ste grad Malin Andrea stiller sterkt.

Desse er med: Merete, Monika Å., Beate, Andrea, Anna Lina og Tonje.

Aktuelt på BFK Babes: Blant anna ny keeper, samt kanskje ein ekstra spelar. Redaksjonen i barliafk.com held deg oppdatert.

BFK Farmers
stiller alle mann alle. Riktig nok kan det vere at Fredrik M. må jobbe under cupen, men stemninga i troppen rapporterast som svært god, og det ryktast at fleire på laget har hatt solide sesongar på fotballbana i år.

Desse er med: Aril, Mersad, Bjørnar A., Roger, Erlend, Fredrik F., Kim V., Håkon, Robin og Fredrik M. (?)

Aktuelt på BFK Farmers: Alt anna en edelt metall er uaktuelt?

Barlia F.K.
har, som vanleg, trua for Nattcup. Laget manglar kun Lars Thore som må jobbe denne helga, ellers stiller alle. Det er viktig å merke seg at Alexander "Supergræs" er tilbake etter eit sabbatsår i Sverige, det ryktast at guten er sterkare enn nokon gong, og at svenskt stål kan måle seg med det beste som er forsterka fram på Galvano.

Desse er med: Brynjulf, Hans Martin, Bjørnar, Espen, Stian, Joakim R., Alexander, Odd Sveinung, Torgeir og Marius.

Aktuelt på Barlia F.K.: Nytt av året er at sisteskanse Joakim S. går over i rolla som manager og lagleiar under kampane, og inn kjem Marius Moe, som spelte for klubben frå 2001-2006.

Meir informasjon kjem når barliafk.com-redaksjonen veit meir, følg med i dagane fram mot vinterens vakraste eventyr - Nattcup på Stranda!