Ingen Golden goal - 17.12.2009

I lengre tid har Barlia Fotballklubb jobba med å få TV2-programmet Golden goal på besøk under Nattcup 2010. Det vart i dag kjent at forhandlingane mellom klubben og tv-kanalen stranda, og det beklaglegvis ikkje på Stranda.

Tekstforfattar Geir Sindre Breivik opplyser om at Nattcup 2010 kjem litt for tidleg for TV2-gjengen, og spesielt for Henrik Elvestad, som ikkje har komt heim frå ferie på det tidspunktet.

Breivik understreker at ideen er god, og at opplegget kan bli aktuelt i 2011.

Les meir om Golden goal her.