BFK Bedrift er historie - 26.09.2010

Etter seks år og åtte cupdeltakingar vart det i dag bestemt at Barlia F.K. Bedrift vert lagt ned.

Dette kom fram etter at det vart opna for påmelding til Nattcup 2011. Kun eit fåtal av spelarane på BFK Bedrift ønskte å fortsette, og motivasjonen hjå dei fleste var under frysepunktet.

- Eg tør ikkje meir, seier Henrik Bjørdal i ein rask kommentar. Han skada seg stygt under Nattcup 2010, og det enda med sjukehus og gipsa fot.

BFK Bedrift har sidan 2005 spelt 31 kampar fordelt på 8 turneringar. Det har enda med 0 seierar, 1 uavgjort og 30 tap. I målprotokollen står det 11 - 228. Toppscorar for laget blei Thor Olav "Thoro" Drege med to mål.

Barlia Fotballklubb takkar Bedriftgjengen for seks knallfine år.