Spelarar inn og ut frå Barlia
Fotballklubb -
13.10.2010
Det nærmar seg stadig Nattcup 2011, og det skjer ting i dei ulike
laga i Barlia Fotballklubb. Her kjem ein statusrapport.
For laget Barlia F.K. er det meste roleg. Dei fleste spelarane kan
melde om gryande storform, og alle er klare for turneringa. Unntaka er
Stian, som er usikker i forhold til studier og Alexander som klubben
ikkje har klart å kome i kontakt med. Ved begge tilfeller håper vi at
alt går i orden, så vi kan stille så sterkt som råd.
Hos BFK Farmers er det ein del endringar. Den historiske Bjørnar Aure,
som scora mål nummer 1000 for Barlia Fotballklubb, legg fotballskoa på
hylla, i alle fall når det gjeld innefotball. Bjørnar rauk korsbandet,
og delvis leddbandet i fjor, og melder derfor om at han takkar for seg i
Barlia. Erlend Langelo melder overgang til Langlo Legends. Barlia
Fotballklubb takkar begge to for innsatsen og ønsker lykke til vidare.
Ny mann inn for Farmarane er Iver Ringstad Krohn. Forsvarsspelaren
styrkar stallen, spesielt etter at laget mista Bjørnar og Erlend. Iver
kjem mest sannsynleg til å aksle trøye nummer 27. Barlia Fotballklubb
ønsker mannen frå Norddal velkommen i klubben.
I Barlia F.K. Babes er det også utskiftingar. Veteranen Stine Verpeide
legg opp. Ho har vore med sidan starten i 2004 for jentene på
Babes-laget, og ho står bokført med 8 mål for oransjetrøyene. Malin
Mathiesen sluttar også for babesa, likt med Stine har Malin vore med
sidan 2004. Barlia
Fotballklubb takkar dei begge for sju fine år, og ønsker lykke til vidare. Inn på
BFK Babes kjem keeper Rikke Relling og angripar Maria Berge. Berre
spelte for Barlia i fjor, men vert først i år tatt opp i stallen som
fast innventar. Velkommen! |