Programleiarparet klart for Generalforsamling 2011 + Avskjedsfest for BFK Bedrift - 15.10.2010

Som seg hør og bør blir generalforsamlinga i Barlia Fotballklubb avholdt på Nattcup-lørdagen, så også i 2011. I tillegg vert det denne gongen avskjedsfest for BFK Bedrift, etter at laget har valgt å legge skoa på hylla. Festen går av stabelen på Møteplassen, og middagen vert servert klokka 20.00.

Det vart i dag klart at programleiarparet for 2011-utgåva av generalforsamlinga blir Rune Lillestøl og Henrik Bjørdal. Begge tek utfordringa på strak arm, sjølv om Rune kunne melde om at han er svært skeptisk til oppdraget :-)

Programmet blir blant anna middag frå Coop Prix Mega Handelslaget, talar og prisutdeling ved Torgeir. I og med at det blir avskjedsfest for BFK Bedrift vil det nok dukke opp ein del overraskingar. Har du programforslag, eller programinnslag - ta kontakt med programleiarparet, eller Torgeir eller Joakim.

Når det gjeld betaling for mat og leige av lokalet, betalar kvar enkelt 200 kr i døra ved ankomst Møteplassen. Påmelding skjer på facebookeventen, og vi minner om at påmeldinga er bindande, dette grunna bestilling av middag. Les meir og meld deg på på facebook-eventen her.

Kjærestar, venner og andre som vil vere med på denne festen, kan, som vanleg, joine etter kl 22.00.