|
Vanskeleg play-off - Kampoppsett
for Nattcup 2012 -
23.12.2011
I kveld vart puljene til Nattcup 2012 trekt på Maro Cafe på Stranda.
Nattcup.net hadde LIVE-oppdatering frå den nyoppussa kafeen, og utifrå
puljene ser det ut til at det kan bli ein vanskeleg play-off for Barlia
Fotballklubb.
BFK havna i pulje HD saman med Stilongs, Isane TUIL og Kremen FC.
Stilongs møtte vi i play-off-kampen i fjor, ein spennande kamp som endte
i 4-3-seier etter ekstraomgangar. Isane TUIL og Kremen FC er nye,
ukjente lag.
I og med at alle laga i pulja går vidare til play-off-kamp, er det
naturleg å sjå på kven vi møter der. Pulja vår, HD, skal møte lag frå
pulje HC. Denne pulja består av Melk, Vestnes Futsal, Kjellern og Frøysa
FK - ei meget sterk pulje som det er vanskeleg å velge ein
ønskemotstandar frå.
Sjå heile oppsettet og les meir om Nattcup 2012 på
www.nattcup.net.
|