20-årsfeiring i London - 09.05.2014

Torsdag 1. mai til søndag 4. mai feira Barlia Fotballklubb sitt 20-årsjubileum med tur til London. Reiseleiar Odd Sveinung serverte et spenstig opplegg frå A til Å.

I alt var det 12 stk. som var med, åtte spelarar og fire frå klubbens eminente administrasjon. Høgdepunkta var mange og under kjem nokre av dei som toler dagens lys.

Besøk på Tower of London
Første dagen besøkte vi Tower of London. Borga står på UNESCO si verdsarvliste. Bygginga av den eldste delen, White Tower, starta under Vilhelm erobraren. Denne er bevart, men den store festninga som møter dagens turistar er eit resultat av utvidingar gjennom hundreåra.

Hovudfunksjonen var å vere eit forskansa palass for monarken. Etter kvart blei Tower of London kjend som fengsel, spesielt for fangar av høg status. Borga har hatt mange andre funksjonar og er framleis staden der dei britiske kronjuvelane vert oppbevarte og viste fram.

Kamp mot Sjømannskirka
Det var veldig kjekt at Odd Sveinung hadde fått til ein avtale med Sjømannskirka i London om å spele kamp. I ettertid vil det alltid vere kjekt å kunne seie at ein har spelt i England. Sjømannskirka i London er ei svært aktiv kirke og kirka møter omkring 25000 menneske kvart år. Dagleg besøker kirka nordmenn overalt i byen - det kan vere heime hos folk, på sykehus og på arrangement.

Kampen blei spelt på ei fotballbane ikkje så langt frå Sjømannskirka i søraust-London. Etter ein litt nervøs start løsna det for BFK. Vi produserte sjansar på rad og rekke, men ballen ville ikkje i mål. Det smalt i stenger og i murveggen bak målet, men til slutt satte Rellingen inn 1-0-målet. Då slo ketchup-effekten inn, 2-0, 3-0, 4-0 og 5-0 kom på kort tid. Sluttresultatet blei heile 13-1 og kampens toppscorar blei Hans Martin med 4 mål. Vi takkar dei som stilte opp på Sjømannskirka sitt fotballag for kampen.

Opprykk med Brentford FC
Lørdag var det klart for ny fotballkamp. Denne gongen skulle vi sjå på fotball. Brentford FC spelte sin siste kamp for sesongen i League One. Utanfor Griffin Park var det mykje folk og god stemning i solsteiken, då var det godt at det var ein pub i kvart av dei fire hjørna rundt stadion. Vi blei fortalt at stadion er berømt for å vere den einaste i heile England som har ein pub på alle fire hjørna.

Inne på stadion var alle dei 12000 plassane utseld. Laget hadde allereie sikra seg opprykk til Championship, men likevel held Brentford på konsentrasjonen og vann 2-0 mot Stevenage. Etter kampen var det banestorming og utdeling av pokal.

Kasinobesøk og tapas
På lørdagskvelden blei det jubileumsmiddag på Salvador & Amanda i Covent Garden. Ein tapasrestaurant som verkeleg kan anbefalast. Mett og god gjekk turen vidare til The Hippodrome Casino, eit av dei større kasinoa i London. Vi prøvde oss blant anna på blackjack, roulette, poker og einarma bandittar, og tru det eller ei, men nokre gjekk faktisk rikare ut av kasinoet enn då dei kom inn.

Ein kunne tatt med mykje meir frå denne turen, men det er ikkje alt som egnar seg på trykk. Avslutningsvis vil vi igjen takke Odd Sveinung for eit kjempeopplegg, bedre reiseleiar kan ein ikkje ha.

 


Forsøk på fellesbilde :-)


Administrasjonen stilte mannsterke.


Scoring ved spelar nummer 4.


20-årsjubileumslaget.


Etter kampen var det sosial sammenkomst med fotballaget til Sjømannskirka på den lokale kroa.


Lars Engeset i London?

Kampklare karar.


Endå meir kampklare karar.


Brentford FC - Stevenage på Griffin park.


Feiring av opprykket.


Tapasrestauranten Salvador & Amanda i Covent Garden - absolutt verdt eit besøk eller to.