Barlia Fotballklubb feirer 15 år i 2009. Dette vart feira under den
5. generalforsamlinga i klubben, lørdag 3. januar 2009. Den delvis
nyoppussa Møteplassen i Stranda sentrum var, som vanleg, staden der vi
vart samla etter nok ein gjennomført Nattcup i Strandahallen. Det var
BFK Farmers sin tur til å stille med programleiarpar i år, og Kim og
Roger losa Barlia-folket gjennom programmet på ein fabelaktig måte.
Noko
forsinka, ved 20.30-tida, kunne Kim og Roger ønske alle velkommen til
bords. Då hadde alle dei 39 framøtte blitt mottatt av velkomstverten
Malin i døra. Jenta med det gode humøret delte villig ut
15-års-jubileums-velkomst-drinken-a-la-Odd, ein suksess det vil gå
gjetord om i mange, mange år!
Etter at forsamlinga hadde fortært den fantastiske kyllinggryta frå Prix
Stranda, kunne programmet begynne for fullt. Tradisjon tru heldt Odd
Sveinung takk for maten-talen, før en særdeles snakkesalig og livleg
Torgeir tok til på eit av årets høgdepunkt, nemleg Barlia
Fotballklubb si årvisse prisutdeling. (Sjå bilder frå prisutdelinga
heilt nederst på denne sida). I år var det heile 14 prisar som skulle
delast ut, og endå fleire var nominert. Her må det nevnast at Martin
stakk av med prisen for årets lookalike, til ellevill jubel frå resten
av gjengen.
Joakim S. delte ut den nye toppscorarpokalen i Barlia Fotballklubb.
Glassblåsaren Rikke Edel Thunæs frå Bergen har laga eit glasstatuett i
oransje og svart der alle toppscorarane frå 1994 og fram til i dag er
inngraverte. (Det vil seinare komme ein artikkel om korleis denne
statuetten blei til på barliafk.com). Den heldige som fekk motta pokalen
for første gong var Erlend Langelo. Erlend scora 5 mål for BFK Farmers i
2008, og blei dermed toppscorar i klubben for fjoråret, han får beholde
pokalen til toppscoraren for 2009 blir kåra på neste generalforsamling.
Som
avrunding på prisutdelinga fekk Torgeir ein stor og gild blomsteroppsats
frå klubben, dette som takk etter formidabel innsats i 2008. Mange
prosjekt er rodd i land på ein svært vellukka måte. Det nye draktsettet,
kjøpt frå England, samt dei fenomenale kalenderane klubben har solgt så
mykje av i haust, er begge eksempel på Hoff-hynen sin store innsats for
Barlia Fotballklubb.
Så
var det tid for litt bevegelse, og programleiarparet ville ha fram ein
person frå kvart av Barlia-laga. Dei fire personane var følgande: Hans
Martin, Aril, Malin og Martin. Dei fekk bind for augene og beskjed om at
dette var ein dansekonkurranse. Målet var å danse best, sjå kva som
skjedde ved å trykke på bildet til høgre. Linken fører deg til facebook,
så du må ha facebookprofil for å sjå dansefilmen.
Eit anna innslag som var vorte tradisjon på generalforsamlinga er
Malins vitsehjørne, og tvillingen stilte opp også i år. Latteren
satt laust, sjølv om Odd Sveinung i ettertid måtte gå igjennom vitsane
del for del, slik at Kim Sture skulle forstå dei. Malin vart avløyst av
Thoro, som hadde fått det ærefulle oppdraget å halde jubileumstalen for
15 års jubilanten. Thoro børsta støvet av ei utuleg artig historie frå
midten av 90-tallet, og krampelatteren fekk overtaket då han skildra
kampen mellom Kjølås F.K. og Barlia F.K. på Kjølås stadion.
Etter
at Odd Sveinung hadde gjennomgått eit fersking-rituale med dei 3
generalforsamling-debutantane Aril, Kim F., og Erlend, var det tid for
nok eit høgdepunkt for kvelden. Boybandet B-boys med bandmedlemmane
O'boy, JoSo, Soul Patch og M-jam kunne for første gong vise
musikkvideoen til den nye superhiten Nattcup'09. Framsyninga av videoen
var eit one night only-prosjekt, men etter mange reaksjonar frå fans,
samt ulike protestgrupper på facebook, kan det kanskje hende at verden
får sjå denne musikkvideoen ein gong til?
Neste innslag stod Malin, Bjørnar og Joakim S. for, dei hadde laga
Barlia Fotballklubbs festsang med aktivitetar. Sangen, som sjølvsagt
hadde verdspremiere, vart framført live med gitar og allsang.
Tekstforfattarane var svært nøgd etter framføringa, og det virka det som
at publikummet også var. Meir allsang vart det når Lyden av Barlia med
Barliasangen vart spelt på storskjermen og høgtalaranlegget. Klubbsangen
hadde tydeleg blitt ein del av sangreportuaret til dei fleste i løpet av
det siste året.
Ingen generalforsamling utan tale frå Eidsdals store sønn! Hans Martin
avrunda det offisielle programmet med å halde nok ein kanontale, denne
gongen vart han dessverre ikkje filma, men den svenske jenta i Geiranger
vil nok ingen glømme med det første.
Etter nokre innslag som var tatt på sparket, gjekk turen til Stranda
hotell. Nokre hadde ein pit stop på den nye uteplassen Grand, som også
holdt ope denne kvelden. Under kan du sjå bilder frå Generalforsamlinga
2009/15 års jubileumet, og under der igjen kan du sjå blinkskudd frå
prisudelinga. Takk til alle som var med på å gjere denne helga til det
den er - Nattcup er og blir vinterens vakraste eventyr!
PS: Det må også nevnast at årets bilde i BFK-kalenderen blei
kåra. Alle festdeltakarane fekk lov å stemme på sin favoritt, topp 3
blei følgande: Nr. 3 med 4 stemmer: Martin Jelle Sylte. Nr. 2 med
8 stemmer: Håkon Mikal Dalen. Nr. 1 med 12 stemmer: Thor Olav
Drege. Gratulerer! :) |