Generalforsamling 2010

For sjette året på rad kunne Barlia Fotballklubb invitere til generalforsamling på lørdagen etter at Nattcupen var ferdig i Strandahallen. Arrangementet brukar å være ein suksess, og festen svarte til forventningane i år også. (Sjå bilder nederst på denne sida).

Klokka 20.00 kunne programleiarparet for Generalforsamling 2010 ønske alle velkommen. Espen og Joakim R. gjorde ein glimrande innsats, og leia forsamlinga gjennom eit langt og artig program. Riktig nok hadde Rellingen ein 25 minutts opningstale, men moussakaen holdt seg vart og det gjorde stemninga også.

Som seg hør og bør takka Odd Sveinung for maten gjennom sin tale, og dei fleste var enige i at det var lenge sidan Prix Stranda hadde levert eit så godt måltid. Deretter var det tid for noko av det mest tradisjonsrike i klubben, og kanskje det artigaste også; Barlia Fotballklubb si årvisse prisutdeling. (Sjå bilder frå prisutdelinga heilt nederst på denne sida). Torgeir hadde også i år svært mange prisar, og enda fleire nominerte. Stor takk til Torginho for å verkeleg dra igang steminga!

Så hadde vi kome til hovudtalen. Thor Olav la i år vekt på den historiske bragda til Barlia F.K. Bedrift. Bedriftgjengen tok nemleg sitt første poeng nokon gong! Etter 29 kampa, frå 2005 og fram til i dag, skulle det endeleg bli poeng i kamp nummer 30. Kanskje det inspirera BFK Bedrift til å fortsette å spele fotball?

Det var tid for litt bevegelse, og programleiar Espen introduserte sin programleiarmakker samt Odd Sveinung. Dette var eit hemmeleg innslag, og mobilar og kameraer vart samla inn før karane satte igang. På grunn av dette hemmelegstempelet, går vi heller ikkje her inn på historia - men fy faen Relling!

Videre utover kvelden vart programmet meir og meir improvisert. Det vart både stand-up, søskendans og allsang av Lyden av Barlia med Barliasangen. Hans Martin vart hylla fram til å holde ein ny tale, og ein av Eidsdals store sønna leverte sjølvsagt denne gongen også.

Stemninga var på topp då forsamlinga runda av på Møteplassen og tok turen på Stranda hotell, der festen nådde nye høgder. Takk for denne gong - vi gleder oss til 2011!