Generalforsamling 2011

Like sikkert som at Nattcup er rett over nyttår, er generalforsamlinga. Staden i 2011 vart fortsatt Møteplassen i Stranda sentrum, men nytt av året var at forsamlinga også skulle vere begravelse. Begravelsen var for laget BFK Bedrift, som la opp i 2010 etter å ha held på i 6 år, sidan 2005.

I 20-tida heva programleiarparet Henrik og Claus gravøl-glasa, og ønskte velkommen. Rune skulle også vere med å leie programmet, men han blei sjuk og var derfor sengeliggande.

Henrik og Claus losa oss trygt igjennom dei faste postane med den fabelaktige middagen frå Coop Prix, Odd Sveinung sin Takk for maten-tale, den 6. årvisse prisutdelinga til Torgeir, talar av Thoro og Homlong og filmframvisning med Torgeir. I tillegg var det nye innslag ved Merete og Beate, samt Henrik. Dei bidrog med henholdsvis leik og film. To store pluss i programmet. Filmen "Eit siste farvel" hadde Henrik laga etter at BFK Bedrift var lagt ned. Sjå filmen ved å gå til linken "Filmar" i menyen over, eller trykk på bildet til høgre. Vi takkar BFK Bedrift for 6 fine år - Takk for alt.

Nils Einar satt standarden for dansing, og dermed var alle klar for dans både på Møteplassen og seinare på Stranda hotell. Arrangementskomiteen rettar ein stor takk til alle som var med å rydde før vi gjekk vidare, dette gjorde søndagen betydeleg lettare.

Allereie før den 6. årvisse prisutdelinga gjekk rykta om at Torgeir hadde over 100 power point-slides, men det blei på ingen måte kjedeleg. Torgeir hadde kombinert årets utdeling med tiårets utdeling, derfor var det også ein del tilbakeblikk. Under har barliafk.com samla nokre av prisvinnarane denne kvelden. Samtlege vinnarar finn du under bildet.

     

Årets gifting: Lars Thore Søvik, Årets sintebøkje: Joakim Relling, Årets Strekkepause: Liv Drege, Årets nattcupspelar: Hans Martin Homlong, Årets kyss: Sylte/Relling, Årets babe: Lars Thore Søvik, Tiårets artist: The Bedrifters, Tiårets månemann: Martin Jelle Sylte, Årets toppscorer: Maria Berge, Tiårets toppscorer: Espen Hove Årets nattcupspelar: Hans Martin Homlong, Tiårets modell: Barlia Fotballklubbs kalendergutar, Tiårets bilde: Nils Erik Espelund, Tiårets look-alike: Martin Jelle Sylte, Årets copycat: Brynjulf Fabio Frøysa, Tiårets actionbilde: Knut Einar Langlo, Tiårets danseløve: Nils Einar Ringstad, Årets hederspris: BFK Bedrift.

Under finn du diverse bilder frå Generalforsamling 2011 og festen på Stranda hotell etterpå. Snakkast i 2012!
 

Kledd for suksess!


Direkte frå Longyearbyen.


Tradisjon tru - Takk for maten-talen med Odd Sveinung.


Torgeir med den 6. årvisse prisutdelinga.


Nok ein tale med Hans Martin.


Brynjulf kosar seg med nye hanskar :-)


Ballar?
 
Nytt av året var vorspiel på Møteplassen, og der traff vi denne skapningen.


Kveldens programleiarpar.


Søstrene Hungnes stilte med ein artig pakkeleik.


To gode vener, med kveldens sløyfe og kveldens dress!


Torgeir i heftig pardans med Nils Einar.


Eit år etter! Sjå meir her.


Stranda hotell :-)


Stranda hotell :-)


Sliten!