Nyheitsarkiv
| Nyheiter frå 2012 |
Nyheiter frå
2011 |
|||
>>>21.12.11
- SLANKARE ADM. I
går kunne barliafk.com melde om at ny administrerande direktør er på
plass. I dag presenterer klubben ein slankare administrasjon. Sjå
administrasjonskartet
her.>>>20.12.11 - NY ADM. DIR. I BFK. Det
vart i dag klart at Pål Sindre Frøysa går frå økonomisjef-stillinga si
til å ta over for Nils Erik Espelund
som administrerande direktør i Barlia Fotballklubb.
Les meir.>>>01.12.11 - JULEKALENDER 2011. Også
i år er det duka for BFKs Julekalender, og 2011-versjonen er svært lik
dei forrige versjonane. Første luke vart opna i dag. Sjekk ut BFKs
Julekalender 2011
her.>>>10.11.11 - INGEN OLIVEN. I
og med at BFK Farmers blei lagt ned i går, blir det ingenting av
generalforsamlinga på Oliven restaurant. Nytt festlokale er alt ordna -
følg med på eventen.>>>09.11.11 - BFK FARMERS EXIT. P.g.a.
bl.a. spelarmangel vart det i dag bestemt at BFK Farmers blir lagt ned.
Laget stiller derfor ikkje på Nattcup. Barlia FK takkar for 12 fine år, og
ønsker alle lykke til vidare.>>>22.10.11 - GENERALFORSAMLING. I
2012 prøver vi ein ny vri. Generalforsamlinga blir arrangert på Oliven
Restaurant lørdag 7. januar kl. 20.00. Noko blir nytt, men det meste
blir som før.
Les meir.>>>21.10.11 - BFKs JULEBINGO 2011. 6. juledag
(30.des) kl. 20.00 blir det vorspiel og julebingo på paviljongen på
Fursetsida på Starndafjellet. Ta mynt og gode vennar. Sjekk
ut eventen
her.>>>28.09.11 - NATTCUP 2012. Leiinga
i Nattcup på Stranda har gjort klart for påmelding. Barlia Fotballklubb
stiller med begge laga første helga i januar. Sjekk ut
www.nattcup.net
for meir info.>>>05.08.11 - BFK BABES AVVIKLA. Jentene
i BFK Babes har i sommar bestemt seg for å legge ned laget grunna tynn
stall og stadige utskiftningar. Barlia Fotballklubb takkar for innsatsen og sju kjekke år.>>>18.01.11 - 301 FOR SHADWELL. Etter
Nattcup 2011 blei Shadwell det første laget som passerte 300 poeng på
Nattcup sin maratontabell. Det er svært tett i toppen. Damer:
her. Herrer:
her.>>>17.01.11 - FESTRAPPORT. Etter
Nattcup 2011 fulgte som vanleg Generalforsamlinga. Referat med
bilder, film og tekst finn du under linken Generalforsamlingar i menyen
over. Eller trykk
her.>>>16.01.11 - EIT SISTE FARVEL. Til
Generalforsamling 2011 hadde Henrik laga ein avskjedsfilm kalla "Eit
siste farvel". BFK Bedrift er ikkje lenger, men dei lev vidare gjennom
filmen som du no kan sjå
her.>>>15.01.11 - BESØKSTALL 2010. Nettavdelinga
til BFK har utarbeidd ein oversikt over besøket på
barliafk.com i 2010. Ikkje uventa er det store forskjellar på besøket i
dei ulike månadane i året.
Les meir.>>>14.01.11 - MEIR OPPDATERING. Toppscorarlista
og maraton-tabellane for dei ulike Barlia-laga er no oppdatert med fakta
frå Nattcup 2011. Sjå nærmare på menylinkane under Statistikk.>>>13.01.11 - OPPDATERING N'CUP'11. Barlia
Fotballklubb sine resultat under Nattcup er no oppdatert på nettsida.
Sjekk ut linken Kampfakta under dei respektive laga i hovud-menyen
øverst på denne sida.>>>05.01.11 - ØKONOMISK RAPPORT. Barlia
Fotballklubb sin økonomisjef Pål Sindre Frøysa kjem i desse dagar med
sin økonomirapport for klubben. Du kan no lese eit utdrag frå denne
rapporten.
Les meir.>>>02.01.11 - KAMPOPPSETT N'2011. Nattcupstyret
har lagt ut følgande kampoppsett for 2011-utgåva av den tradisjonsrike
turneringa i Strandahallen. Kampane til Barlia-laga er utheva.
Les meir. |
||||
| Nyheiter frå
2010 |
Nyheiter frå
2009 |
|||
>>>10.12.10
- JULEKALENDER 2010. Det
blei ikkje julekalender i år, men Bjørnar Nupen savna julelukene så
mykje at han samla info frå ulike Nattcup-lag. Derfor blir det kalender
likevel.
Nr 10 er årets første luke.>>>15.10.10 - INFO OM GENERALFOR. Les
informasjon om Generalforsamling 2011 + Avskjedsfest for BFK
Bedrift, samt kven som blir programleiarpar for den store kvelden på
Møteplassen.
Les
meir.>>>13.10.10 - SPELARAR INN OG UT. I
slutten av forrige måned kunne barliafk.com melde at BFK Bedrift vart
avvikla. Det har dei siste dagane vore litt opprydding i stallane i Barlia
Fotballklubb.
Meir.>>>12.10.10 - IVER TIL BFK FARMERS. Det
vart i dag klart at Iver Ringstad Krohn blir Barlia F.K. Farmers-spelar.
Ein fin tilvekst for Farmarane som har mista to spelarar siste tida.
Meir informasjon kjem i morgon.>>>26.09.10 - BEDRIFT ER HISTORIE. Etter
seks år og åtte cupdeltakingar vart det i dag bestemt at Barlia F.K.
Bedrift vert lagt ned. Dette kom fram etter at det vart opna for
påmelding til Nattcup 2011.
Meir.>>>30.04.10 - NY HOVUDSPONSOR. Barlia
Fotballklubb har vore utan hovudsponsor nokre år, men etter gode
forhandlingar med Engeset Mekaniske Verksted i løpet av våren, vil BFK
fane logoen til EMV.
Meir.>>>18.02.10 - BFKs NUMMER 6. Etter
Ole Petters bortgang i 2007, valgte vi i Barlia Fotballklubb å frede spelartrøye
nummer 6. Til minne om Ole Petter har vi også laga ei minneside.
Les meir.>>>08.02.10 - NYE SKJORTER I SAL. BFK
slepp i dag fire nye skjorter i webshopen. Har du sansen for Adm. dir.
Espelund? Kjenner du Thoro? Likar du Torgeir? Eller er Barlia best på
russisk.
Les og sjå meir.>>>17.01.10 - GENERALFORSAMLING. For
sjette året på rad kunne Barlia Fotballklubb invitere til
generalforsamling på lørdagen etter at Nattcupen var ferdig i
Strandahallen.
Les meir her.>>>14.01.10 - ADMINISTRASJONSKART Den
stadig veksande administrasjonen i Barlia Fotballklubb, har gjort til at
www.barliafk.com har sett seg nødt til å sette opp eit kart.
Les meir her.>>>13.01.10 - INTET NYTT PÅ TOPPEN. Maratontabellane
for Nattcup på Stranda er oppdatert med resultata frå 2010-versjonen av
turneringa.
Trykk her for damene sin maratontabell,
og
her for herrene.>>>12.01.10 - RESULTAT OPPDATERT. Nattcup
2010 er historie, og Barlia Fotballklubb si heimeside er oppdatert
kampfakta, toppscorerlister og BFK-ligaen. Les meir i hovudmenyen over. |
>>>29.12.09
- ROMJULSTURNERING. For
femte året på rad blei romjulstruneringa i Barlia Fotballklubb
arrangert, og det blei eit nykomponert lag som gjekk av med seieren.
Les og sjå meir.>>>29.12.09 - TO GJESTESPELARAR. Pga
spelarmangel stiller BFK Babes med to gjestespelarar under Nattcup 2010.
Desse to er Maria Berge og Rikke Relling, sistnevnte skal stå i mål. BFK
ønsker lykke til! >>>28.12.09 - KAMPOPPSETT. Etter
trekninga på klubbhuset den 23. desember, er kampoppsettet til Nattcup
2010 klart. barliafk.com gir deg oppsettet med utheva kampar for
Barlialaga.
Les meir.>>>17.12.09 - INGEN GOLDEN GOAL. BFK
har forsøkt å få TV2- programmet Golden goal på besøk under Nattcup. I
dag vart det kjent at forhandlingane stranda, og det beklaglegvis ikkje
på Stranda.
Meir.>>>16.12.09 - PROGRAMLEIARAR. Programleiarparet
for generalforsamling 2010 blir Joakim Relling og Espen Hove. Dei to tok
seg i dag tid til å svare på nokre spørsmål i førjulsstria.
Les meir.>>>15.12.09 - INFO; NATTCUP OG GEN. Informasjon
om påmelding, betaling og anna rundt Nattcup 2010 og generalforsamlinga
på Møteplassen i Stranda sentrum,
finn du ved å trykke på:
Les meir.
>>>14.12.09 - HOVE I STILONGS. Frontfigur
for Nattcup, og Barlia F.K. sin storscorar, Espen gjorde i forrige veke
eit intervju med Stilongs FK i samband med Nattcup'10 på deira blogg.
Meir.>>>12.12.09 - ROMJULSTURNERING. Tirsdag
29. desember (5. juledag) klokka 14.00 arrangerer Barlia Fotballklubb
romjulsturnering i Strandahallen. Dette skjer for femte året på rad.
Les meir.>>>11.12.09 - RETTELSE. I
går kunne barliafk.com melde om at koordinator av 1ste grad Malin Andrea
ikkje skulle vere med under Nattcup 2010. Dette kan gledeleg
tilbakevisast i dag :-)>>>10.12.09 - STATUSRAPPORT - BFK. Barlia
Fotballklubb kan melde om at også i 2010 stiller alle fire Barlialaga
til Nattcup. Her kjem ein liten statusrapport frå Barlia F.K., Farmers,
Babes og Bedrift.
Meir.>>>09.12.09 - LIV PÅ NETTSIDENE. Nattcup
2010 nærmar seg med stormskritt, det merkast også på dei ulike
nettsidene til Nattcuplaga. Trenden frå i fjor fortsett med stadig
fleire bloggar.
Les meir.
>>>06.12.09 - MARIUS MOE TILBAKE! Under
Nattcup 2010 kjem Marius Moe til å aksle Barlia-trøya igjen etter fire
år i Team Libya. Marius sin gjesteopptreden er i målet til laget Barlia F.K.
Les meir.>>>01.12.09 - INGEN JULEKALENDER. Det
blir ingen julekalender fra Barlia Fotballklubb i år, dette blei klart i
dag, då det ikkje dukka opp juleluke for 1. desember på
heimesida www.barliafk.com.
Les meir.>>>09.09.09 - 15 ÅRSMARKERING. Barlia
Fotballklubb gjorde stas på seg sjølv med eigen stand under
Strandadagane fredag 4. og lørdag 5. september. Dette i samband med at
klubben er 15 år i 2009.
Les meir.>>>11.08.09 - STRANDADAGANE 2009. I
samband med BFK sitt 15 års jubileum i 2009, stiller
vi med stand på Strandadagane 4. og 5. sept. Det vert
tombola, triksekonkurranse + + frå stand-teltet
vårt.
Les meir.>>>04.03.09 - NYE VARER I SHOPPEN. Nye
produkt har no kome i Barlia Fotballklubbs webshop. Kva med ei
Barlia-skjorte til hunden? Eller eit BFK babypledd? Sjekk ut fleire
artiklar i
BFKs Webshop.>>>12.02.09 - STILONGS MED BLOGG. Ein
av dei store overraskelsane på Nattcup 2009 var Stilongs FK. No er også
gutane frå HaNo og Vartdal å finne på den store vide veven. Sjekk ut:
my.opera.com/StilongsFK/blog.>>>06.02.09 - OPPDATERTE LINKAR. Linkar-sida er no oppdatert med både heimesider til nye lag og nye
sider til gamle klubbar. Har du tips til andre linkar vi bør legge ut?
Gi ein lyd i gjesteboka.
Les meir.>>>01.02.09 - EKKEL PÅ NETTET. Mange
av klubbane, som deltek på Nattcup på Stranda, har dei siste månedane
gått over til blogg. Ein av bloggane som er flittig oppdatert er
ekkelogjavlig.blogg.no.
Les meir.>>>24.01.09 - EIN POKAL BLIR TIL. Under
Barlia Fotballklubb sin 15 års jubileumsfest vart glasspokalen for
toppscorar-tittelen utdelt for første gong. Pokalen er av svart, oransje
og klart glass.
Les og sjå meir.>>>14.01.09 - SHADWELL PÅ TOPP. Maratontabellane
for Nattcup på Stranda er no oppdatert med resultata frå årets
arrangement.
Trykk her for damene sin maratontabell,
her for herrene.>>>12.01.09 - OPPDATERINGAR. Bilder,
resultat og målscorarar frå forrige helgs Nattcup 2009, samt statistikk,
er no oppdatert. Sjekk ut linkane for dei ulike laga i hovudmenyen over.>>>08.01.09 - G.-FORSAMLING + 15 ÅR! Barlia
Fotballklubb arrangerte i helga den 5. generalforsamlinga i klubben si
historie. Samtidlig feira klubben sitt 15 års jubileum. Fyldig rapport
frå festen finn du
her.>>>07.01.09 - GR.VINNAR MED 12 P. Bombene
stod i kø under Nattcup 2009. Fleire gruppevinnarar, som Hoggorm, Kappa Nova og Barlia F.K.,
vart utslått i play-off-kampane.
Les meir og
Barlia-innsatsen her.>>>02.01.09 - NATTCUP 2009. Ventetida
er over, og i kveld kl 18.00 startar vinterens vakraste eventyr. I
samband med Nattcup 2009 har vi lagt ut kampoppsettet med utheva
Barlia-kampar.
Meir.>>>01.01.09 - GJEST PÅ BFK BEDRIFT. Det
har lenge vore klart at Bedrift sin nr. 7, Jon D. Høyland, skal til
Brasil og sole flesket under Nattcup'09. Inn som stedfortreder kjem Kim
S. Flo. Vi ønsker lykke til!>>>01.01.09 - GØTT ÅR! Barlia
Fotballklubb ønsker alle eit riktig godt nyttår. I morgon brakar det
laust i Strandahallen med Nattcup 2009. Cupen vert opna med BFK
Farmers-kamp klokka 18.00. |
|||
| Nyheiter frå
2008 |
Nyheiter frå 2007 | |||
>>>29.12.08
- ROMJULSTURNERING. For
tredje året på rad blei BFKs romjulsturnering arrangert. Som vanleg
stilte FC Walkover som gjestar. Her er ein liten rapport frå cupen i
Strandahallen.
Les meir.>>>28.12.08 - BFKs JULEBINGO 2008. Etter
over 40 besøkande i fjor, vart 2008-arrangementet av BFK sin julebingo
avholdt på den nyopna utestaden Grand i Stranda sentrum 2. juledag.
Les meir her.>>>27.12.08 - BFK-TRENING. Også
i år har BFK treningar i Strandahallen i romjula. Dette både for å
trimme vekk juleflesket og forberede seg til vinterens vakraste eventyr.
Les og sjå meir.>>>25.12.08 - KAPPA-TIPS. Kappa
Nova har satt opp ei liste over deira favorittar og outsiderar til
Nattcup 2009. Noko overraskande er Barlia F.K. ein av favorittane, har
Kappa tenkt på Farmers?
Meir.>>>24.12.08 - GOD JUL! Barlia
Fotballklubb ønsker alle ei riktig god jul med å opne den siste luka i
BFKs Julekalender (til høgre). Et og drikk godt, så er det berre å ladde
opp til høgtida i januar!
Meir.>>>17.12.08 - BFK I NEW YORK. Tidlegare
i dag tikka det inn eit bilde til barliafk.com-redaksjoenen frå andre
sida av den store dammen. Brødrene bråk er tydelegvis stor i USA.
Les meir.>>>03.12.08 - MEIR MEDIA. I
går kunne vi i barliafk.com-redaksjonen melde om spalteplass i
Sunnmørsposten. I dag har BFK-kalenderen vore på Radio Ålesund og hos
Konrad i SMP.
Les meir.>>>02.12.08 - KALENDEREN I SMP. Tidlegare
har BFK-kalenderen fått spalteplass i lokalavisa Sunnmøringen. I dagens utgåve av regionalavisa Sunnmørsposten
er kalenderkarane igjen på plass.
Meir.>>>01.12.08 - JULEKALENDER 2008. Den
tradisjonsrike julekalenderen frå Barlia Fotballklubb startar opp i dag.
Til høgre kan du opne den første luka. Kos deg med galskapen! Ris og ros
kan skrivast i gjesteboka.>>>28.11.08 - NYE HEIMESIDER. Den
nye trenden i nattcup-miljøet er blogging. I alle fall så har det dukka
opp to nye klubbsider siste tida. Sjekk ut
Kappa Nova og
Melk sine my opera-bloggar for
meir info.>>>14.11.08 - PK BLIR MANAGER. Det
vart i dag klart at Per Kristian Vågsæter trer inn i stillinga som
manager for BFK Bedrift, og sluttar dermed som spelar. Superreserve
Martin Sylte blir no fast spelar.>>>10.11.08 - BARLIA F.K. - 15 ÅR! Generalforsamling 2009 & 15 års jubileumsfest
går av stabelen lørdag 3. januar. Med
andre ord blir det dobbel fest på Møteplassen kl 20.00. Påmelding skjer
HER.>>>09.11.08 - ÅRETS JULEGÅVE 2009. Kalendersalet
i BFK går knirkefritt, og det er ikkje mange eksemplar
igjen. Har du enno ikkje sikra deg ein kalender, eller er du ute etter
ei glimrande julegåve -
Trykk her.>>>08.11.08 - NYE DRAKTNUMMER. BFK
stiller med nye drakter til Nattcup 2009, og i
den forbindelse har ein del spelarar skifta draktnummer. Du kan sjå kven
under linken spelarar i menyen over.>>>06.11.08 - OMLEGGING. I
disse dagar held vevsida barliafk.com på å leggast om. Derfor kan du få
problem med nokon av sidene og linkane, men alt skal vere i orden innan
kort tid.>>>10.10.08 - NATTCUP 2009. Forberedelsane
til vinterens vakraste eventyr er alt i gang. Alle fire Barlia-laga
er påmeldt Nattcup 2009, som går av stabelen 2. - 3. januar. Meir info:
www.nattcup.net.>>>30.09.08 - DUGNAD NUMMER 2. Torvlegging
ser ut til å bli ein spesialitet for Barlia Fotballklubb, og søndag
21. september var Kim V., Martin, Nils Erik (Bjørklund?) og Torgeir i
aksjon i Oksvika.
Sjå meir.>>>09.09.08 - KALENDEREN I SYLEN. Ryktet
om Barlia Fotballklubb sitt kalenderprosjekt når stadig nye
høgder. Lørdag 6. september pryda BFK-gjengen sistesida i lokalavisa Sunnmøringen.
Les
avisutklippet.>>>01.09.08 - BARLIAKALENDER 2009. Fotograf
Cecilie Dalen har i sommar, saman med 12 utvalgte karar i BFK, laga
Barliakalenderen for 2009. DU har no ein unik sjanse til å få kjøpt
dette produktet!
Meir.>>>25.07.08 - DUGNAD. I
2009 feirer BFK 15 år, og dette skal ikkje gå upåakta hen. Innkjøp av
nye drakter er nemleg i kjømda, og då passar ein dugnadsjobb på
Strandafjellet utmerka.
Les meir.>>>03.06.08 - CLAUS BLIR LÆRLING. Etter
3 år som spelar i BFK Bedrift, har Storhønnjskøsen lagt skoa på hylla.
Claus trer inn i ei administrerande rolle, medan Kurt kjem inn i
Bedrift-varmen.
Les meir.>>>27.03.08 - BFKs PÅSKEBINGO`08. Påskebingoen
vart gjennomført lørdag 22. mars, og det vart fullt hus og stormande
jubel. Faktisk så fekk vi ikkje inn fleire folk i kjellerstua.
Her er ein liten rapport frå kvelden.>>>16.03.08 - BFKs PÅSKEBINGO`08. Etter
suksessen med julebingo, har det komt forslag om at vi må spele bingo i
påska også. Derfor blir det samling i kjellerstua hjå Sørå lørdag 22.
mars (påskeaften) kl. 19.00
Meir.>>>18.02.08 - HOMLONG TALER. Det
har tatt litt tid, men no er endeleg talen til Hans Martin ute i
videoformat. Homlong fortel historia frå 2005, men 2008-versjonen har
ein heilt ny vri.
Sjå filmen her
:-)>>>26.01.08 - SJÅ, LAST NED OG LÆR. Etter
fleire oppfordringar er Barliasangen no lagt ut som mp3-fil, i tillegg
til teksten. Du kan no sjå, høre og lese sangen. Kan du ikkje sangen frå
før, så øv deg
her :-)>>>25.01.08 - GENERALFORSAMLING. Det
har tatt litt tid, men no er det lagt ut bilder og tekst frå
General-forsamling 2008. I midten av februar vil det også komme ein film
frå Camp Hans Martin.
Les meir.>>>11.01.08 - MARATONTABELLAR. Maratontabellane
er oppdatert etter Nattcup 2008. BFK Babes beheld 2. plassen sin, medan
alle herrelaga i Barlia avanserar. Sjå tabellen for damer
her. Herretabellen
her.>>>10.01.08 - ØK.AVDELINGA STYRKA. Den
økonomiske avdelinga i Barlia Fotballklubb blei for ei vekes tid sidan
styrka. Frå 1. januar har klubben igjen fått økonomisjef, i tillegg til
ein assistent.
Les meir.>>>09.01.08 - BARLIASANGEN. Under
Nattcup 2008 lanserte Barlia Fotballklubb sin nye klubbsang med
musikkvideo, og sangen blei ein kjempesuksess. Sjå Lyden av Barlia med
Barliasangen
her.>>>08.01.08 - MÅL NR. 1000 I BARLIA. Frå
1994 og fram til Nattcup 2008 var det scora 969 mål i Barlia
Fotballklubb. Kven hadde trudd at ein debutant frå Skodje kom til å bli
historisk for Barlia?
Les meir.>>>07.01.08 - 30000 BESØKANDE! Barlia
Fotballklubb er stolt over å kunne melde om at i dag passerte vi 30000
besøkande på sida vår. Sidan 2000 og fram til i dag har det vore ca.
4000 besøkande årleg.>>>06.01.08 - BFK MED OK INNSATS. Alt
i alt må vel Barlia Fotballklubb sjå seg ok nøgd med Nattcupen. BFK
Babes sin fjerdeplass blei bestenotering. I veka som kjem vil det komme
fleire oppdateringar.>>>06.01.08 - LOS SIN TREDJE. Los
Caballeros stakk av med seieren på Nattcup 2008. Dette var tredje gongen
Loscab vann Nattcupen, og dei har dermed fått vandrepokalen til odel og
eige. BFK gratulerer!>>>04.01.08 - SISTE NYTT! Det
er berre få timar igjen til vinterens vakraste eventyr, Nattcup 2008, og
her kjem siste nytt frå alle dei fire laga i Barlia Fotballklubb.
Les rapportane her.>>>03.01.08 - STIAN OGSÅ UTE. Det
skrantar for laget Barlia F.K., i tillegg til at Græsen og Odd ikkje
kjem til cupen, ga Stian i dag beskjed om at han ikkje blir med. Kim S.
Flo kjem inn som erstattar.>>>02.01.08 - KAMPOPPSETT. Vinterens
vakraste eventyr nærmar seg med stormskritt og i dag gi vi deg
kampoppsettet for Nattcup 2008 med utheving for dei fire Barlia-laga.
Les meir her.>>>01.01.08 - SERVERPROBLEM. Barlia
Fotballklubb startar det nye året med serverproblem, og har ikkje fått
oppdatert barliafk.com sidan romjula. Likevel ønsker vi alle eit godt
nyttår, lykke til med 2008! |
>>>30.12.07
- ROMJULSCUP. I
år som i fjor hadde Barlia romjulscup i Strandahallen. Dette først og
fremst for å spele litt fotball og for å møte gamle kjente i jula.
Les meir om 5. juledag-cupen her.>>>29.12.07 - BFKS JULEBINGO 2007. I
går gjekk BFKs julebingo 2007 av stabelen på kjellerstua i Casa del Sørå.
Cirka 20 stk. hadde møtt opp for å spele om fine premiar i godt lag.
Her
er ein liten rapport.>>>23.12.07 - PANZER PÅ NETT. I
går starta Panzer Fotball opp si eiga nettside. Heimesida føyer seg i
rekka av Nattcuplag-sider, og vi anbefalar ein tur innom
www.panzerfotball.com.>>>20.12.07 - KIM INN, NILS UT. Etter
3 år på BFK Bedrift har Nils Einar valgt å legge skoa på hylla, men
han fortsett som Ass. materialforvalterass. Inn kjem ein gammal kjenning
i BFK.
Les meir.>>>15.12.07 - NYE FJES PÅ FARMERS. Bjørnar
Aure og Erlend Langelo vart i dag presentert som
Barlia F.K.
Farmers-spelarar. Begge gler seg til å aksle den oransje trøya, og vi
ønsker dei to velkommen til oss.>>>07.12.07 - JULEGÅVER PÅ NETT? Det
er 17 dagar igjen til jul, og du slit kanskje med julegåvekjøpa? Kanksje
BFKs Webshop
kan vere løysinga? For meir info:
Sjekk ut dagens
luke i julekalenderen.>>>05.12.07 - MELK PÅ INTERNETT. I
dag fekk vi meldinga om at Melk har kome seg på nettet. Vi gratulerer og
legg ut den lange linken:
www.student.hivolda.no/~elveland/melk/Index.html >>>01.12.07 - KALENDEREN I GANG. Barlia
Fotballklubb sin årlege julekalender startar i dag 1. desember, og det
blir ei ny luke kvar dag fram til julaftan. Sjekk ut kollona til høgre, eller
les meir her.>>>30.11.07 - TORGEIR TRENG HJELP! Likt
med Nattcup08 er førebuingane til Generalforsamling 2008 i full gang, men alle ting er enno ikkje
på plass. Derfor kjem Torgeir med følgande beskjed.
Les meir.
>>>24.11.07 - JULEKALENDER 2007. I
dag er det ei veke til 1. desember, det betyr at det også er ei veke til
BFK lanserar sin julekalender for 2007. Vi samlar i desse dagar inn info
til kalenderen.
Følg med! :-)>>>15.11.07 - LIV PÅ NETTET. Det
nærmar seg Nattcup 2008, og det dei andre nattcuplaga sine heimesider
vaknar atter til liv. Ei av dei er Kappa Nova si side, der det er
daglege oppdateringar.
Les meir.>>>12.11.07 - CCC FOR BFK BEDRIFT. I
går stilte Barlia F.K. Bedrift på Coca Cola Cup i Bergen, og plussane
var mange, laget scorte mål, det gjor også Martin i sitt comeback!
Bilder og
kampfakta.>>>10.11.07 - MARTIN TILBAKE! Etter
10 år i skugganes dal er Martin Jelle Sylte tilbake på bana. Han er
tiltenkt ei jokerrolle på Bedrift. Martin har dei siste åra fungert
som åndeleg rettleiar i klubben.
Meir.>>>08.11.07 - SKOTSK KUNSTVERK. Ein
av våre mange langdistanse-supporterar, Ingvild Sandnes, har sendt
Barlia Fotballklubb denne gåva frå Skottland. Vi takkar for det flotte
bidraget frå Edinburgh.
Cio!>>>29.10.07 - RONNIE SLUTTAR I BFK. BFK
Farmers-spelaren Ronnie Furset gir seg i Barlia Fotballklubb etter 4 år
i klubben. Han stoppar på 33 mål. Vi takkar Ronnie for innstasen og ønsker lykke til vidare.>>>13.10.07 - NYE KLESPLAGG. Etter
eit halvt år med webshop, over 1000 besøkande og nesten 60 solgte
artiklar, er det no rydda plass til nye produkt. Sjekk ut nye og gamle
artiklar på shopen.
Trykk her.>>>10.10.07 - FORUM UT, FACE INN! BFK-forumet,
som har vore på denne sida i vel eit år, er no fjerna og
diskusjonsboksane er flytta til gruppa vår på facebook. Sjekk ut
facebook-gruppa vår
her.>>>09.10.07 - BFK TENÅRING I DAG! På
dagen i dag er det 13 år sidan Barlia Fotballklubb vart stifta av Joakim
Sørå, etter idè frå Brynjulf Frøysa :-) Under linken
Historie i menyen
over kan du lese meir. >>>08.10.07 - ALLE 4 LAGA PÅMELDT. Det
er berre nokre få døgn sidan det vart opna for påmelding til Nattcup
2008. Cupen er snart fullbooka, og alle 4 Barlia-laga er påmeldt. Meir
info finn du på
nattcup.net.>>>18.09.07 - NY SERVER PÅ PLASS. Barlia
Fotballklubb si heimeside er no oppe og går igjen. Det var lenge uvisst
kor lang tid serveromlegginga ville ta, men det tok ikkje meir enn ein
dag før alt var på stell igjen.>>>17.09.07 - SERVERPLASS. Firmaet
som har serverplassen til Barlia Fotballklubb si heimeside, har gitt
beskjed om at www.barliafk.com ikkje vil vere tilgjengeleg dei neste dagane. Dette grunna omleggingar.>>>04.07.07 - LAGBILDER. Fleire
har etterlyst lagbilda vi tok under Nattcup`07. No er dei to bilda
lagt ut, i tillegg til at det eine bilde er har fått sponsorane våre på
ei linje
under.
Sjekk ut her.>>>30.03.07 - BFK PÅ FACEBOOK. I
desse facebook-tider heng Barlia Fotballklubb seg på og startar eiga
gruppe på det populære nettsamfunnet, som i dag har ca 17 mill.
brukarar. Gå til
facebook.com.>>>18.03.07 - GODE BESØKSTAL. Det
er i dag ei veke sidan BFK starta opp sin webshop. Butikken har vorte
godt besøkt av heile 100 ulike treff, i tillegg er 5 produkt er solgt,
noko som er over all forventning.>>>11.03.07 - BFK WEBSHOP. BFK opnar
i dag sin eigen web-shop. Butikken byr på
supporterutstyr av ymse slag til ein rimeleg penge, og det beste av alt;
delar av kjøpssummen går til BFK.
Sjekk ut!>>>05.02.07 - NORDFJORDEID 2001. Det
er ikkje berre "Homlongdansen" som har dukka opp i det siste. Sjå Barlia F.K. og FK Barlia si deltaking på
Nattcup på Nordfjordeid i 2001, der Barlia F.K. tok sølv.
Sjå film.>>>02.02.07 - HOMLONGDANSEN. Under
Nattcup på Nordfjordeid i 2001 oppstod "Homlongdansen", også kalla "Homlepongdansen".
Etter ei opprydding i gamle cdar, dukka filmen opp.
Sjå filmen her.>>>24.01.07 - NY SIDE FRÅ ØRSTA. Ørsta/Volda-gjengen
i Systembolaget har for ei tid tilbake laga ny heimeside. Den tidlegare
www.tiltopps.com er skifta ut
med ein freewebs-versjon.
Sjekk ut meir.>>>22.01.07 - BEDRIFTERS PÅ NETT. Det
fantastiske bandet The Bedrifters, som har sitt utspring i Barlia F.K.
Bedrift, har no opna eige nettstad. Sjå og les meir på den gilde
www.thebedrifters.com.>>>16.01.07 - GENERALFORSAMLING. No er alt frå
Generalforsamling 2007 og festen på hotellet etterpå ute på sida. Filmar
av The Bedrifters og talen til Homlong er også klart. Enjoy!!
Les meir.>>>15.01.07 - VEGEN TIL SØLVET. Den
kneskadde Hege fungerte som manager for BFK Babes under Nattcup 2007.
Hennar notatar under turneringa har ført til sagaen "Vegen til sølvet".
Les meir.>>>14.01.07 - OPPDATERINGAR. Alle tabellar og lister,
samt bilder er no
oppdaterte etter Nattcup 2007. Så alt frå toppscoarlista til BFK-ligaen er
klart. Sjekk ut alt dette i hovudmenyen over.>>>10.01.07 - ESPENS 150. MÅL. Under
Nattcup 2007 scora Espen Hove
sitt 150. mål for Barlia Fotballklubb. Klubben bøyer seg i støvet for Hoveraua,
og ser fram til dei 150 neste.
Los Cab filma
målet.>>>08.01.07 - NATTCUPOPPSETTET. Takk
til alle som var med å gjere Nattcup 2007
til ein suksess. Meir info frå årets turnering, samt Generalforsamlinga
og festen etterpå, kjem til
helga.>>>07.01.07 - SØLV TIL BFK BABES!!! BFK Babes tok
sølv
på Nattcup 2007. I den spelemessig jamne jentefinalen blei det 2-1-tap
mot Spenstige lår. Heile Barlia F.K. gratulerer jentene sine med 2.
plassen :)>>>04.01.07 - KVEN VINN NATTCUP? I dag vart maraton-quiz-konkurransen
"Kven vinn Nattcup 2007?" avslutta, og etter 3 rundar med stor
deltaking, er vinnaren kåra.
Les meir.>>>03.01.07 - NATTCUPOPPSETTET. Kampoppsettet for Nattcup 2007 er ute
på
heimesida
www.nattcup.net for lenge sidan,
her har du ein versjon med utheving for Barlia-laga.
Les meir. |
|||
| Nyheiter frå
2006 |
Nyheiter frå
2005 |
|||
>>>31.12.06
- ROMJULSTURNERING. I går arrangerte Barlia Fotballklubb turnering i
Strandahallen. Med 4 Barlia-lag og FC Walkover vart det ein bra cup, og ei god gjennomkjøring.
Les og sjå
meir.>>>30.12.06 - KVEN VINN NATTCUP? - R.3 Tredje og siste runde i
den uhøgtidlege quizen "Kven vinn Nattcup?"
er no ute på veven. Dei 10 finalistane er klare til å bli stemt fram som
vinnar.
Les meir.>>>26.12.06 - K.V.N.? - RUNDE 2. Vi er komen til runde 2 i "konkurranse-quizen"
Kven vinn Nattcup 2007? 12 lag er utslått i første runde, og det er 18
lag igjen.
Les meir og
runde 2.>>>24.12.06 - GOD JUL FRÅ BARLIA. Barlia
Fotballklubb ønsker god jul til alle med å opne siste luka i BFKs
Julekalender 2006. Vil også takke alle som har vore med og bidratt til
julekalenderen.
Les meir.>>>23.12.06 - TREKNING AV N.-PULJENE. I kveld har det vore trekning av Nattcup
2007-puljene. (Les meir om trekninga på www.nattcup.net)
Her er nokre
bilder frå hendinga på klubbhuset.>>>22.12.06 - KVEN VINN NATTCUP? På fleire nattcupsider har det i den seinare tid
vore ulike meiningsmålingar. Vi hiv oss på bølga, og har laga vår eigen
vri på voten "Kven vinn Nattcup 2007?".
Les meir.>>>19.12.06 - BARLIA-TRENING FREDAG. Det vert Barlia-trening på fredag 22. desember. Stad: Strandahallen Klokka: 18.15. Les meir på forumet. >>>17.12.06 - PÅMELDINGFRIST TIL G'07. Hittil
har 19 av 42 meldt seg på Barlia Fotballklubbs Generalforsamling 2007,
og påmeldingsfristen er lørdag 30. desember 2006.
Meld deg på
her.>>>13.12.06 - OPPKJØRING TIL NATTCUP. Det foregår mykje trening i BFK
Bedrift-leiren for tida, men blir det trena på riktig måte? Og kva er
grunnen til
dei dårlege resultata dei siste åra?
Les mer her.>>>10.12.06 - PROGRAMLEIARAR 2007. Barlia Fotballklubb offentleggjer i dag kven som blir programleiar for Generalforsamling 2007. Kven er det som har fått det ærefulle oppdraget? Er det ein ein kjendis? Ein glamour-modell? Ein tidlegare fotballspelar? Les kven det er her. >>>07.12.06 - GODE BESØKSTAL. Besøkstala på www.barliafk.com auka stadig. BFKs Julekalender ser ut til å trekke mange lesarar, noko som blant anna har ført til at vi i dag har passert 22000 besøkande. Dagens luke - BFK Bedrift. >>>05.12.06 - BEDRIFT PÅ SISTE? På
heimesida til Prim presenterer dei i desse dagar ei rangering om korleis
dei tur Nattcup 2007 endar. Dårleg lesing for Barlia F.K. Bedrift.
Les meir.>>>01.12.06 - BFKS JULEKALENDER. I
dag lanserer Barlia Fotballklubb sin julekalender for 2006, og første
luke er alt opna. Vi håper kalenderen fell i smak i adventstida.
Les meir.>>>30.11.06 - GENERALFORSAMLING'07. Tradisjon tru arrangerer Barlia Fotballklubb generalforsamling med middag og program lørdagen etter Nattcup. Alle spelarar og personar med verv i klubb er invitert. Påmelding skjer på forumet. Les meir om Generalforsamling 2007 her. >>>29.11.06 - NY SIDE FOR KAPPA. Kappa
Nova har laga ny lay-out på heimesida si. Leven har utarbeidd ei snasen
side med bilder, pollar og ei og anna nyhende, bl.a. om vår egen Bryn.
Les meir om saka her.>>>26.11.06 - 2007-MOTEN ER HER!! Barlia
Fotballklubb kan herved presentere Nattcup-moten 2007. I år er det
oransje slips som er tingen, og skal du vere in, så er det berre å
bestille.
Les meir om slipsa her.
>>>25.11.06 - TO BFK-LAG PÅ CCC. I
dag vart Barlia F.K. Farmers, som andre lag i Barlia Fotballklubb
påmeldt Coca Cola Cup i Sunnmørshallen lørdag 30. desember.
Meir info ligg på forumet.>>>21.11.06 - OPPKJØRING TIL NATTCUP. Nattcup
2007 nærmar seg, og deltakarlags heimesider kvikknar til liv igjen. BFK
Bedrift er alt i gang med oppkjøringa, noko du kan lese meir om på
forumet vårt.
Trykk her.>>>20.11.06 - LOS CAB-TV. Ein
av dei store Nattcup-favorittane er Los Caballeros. I den seinare tida
har det begynt å skje ting på nettsida deira, og no lanserer dei Los
Cab-TV.
Sjekk ut meir
her.>>>19.11.06 - NATTCUPVERET. Internettsidene til Shadwell Town presenterer no veret for Strandahallen. Du kan med andre ord følge med på veret for staden som arrangerer Nattcup 2007 i starten av januar. Les meir her. >>>18.11.06 - SPONSOR PÅ NETT. I
den seinare tid har ein av sponsorane våre dukka opp på nettet. Engeset
Mekaniske Verksted AS finn du på adressa
www.engeset.no. Sjekk ut!>>>15.11.06 - BETALING. Det vart i dag sendt ut mail om betaling til alle som har bestilt varer frå vår utstyrsponsor G-Sport Bergen. Har du ikkje fått mailen, kan du lese samme infoen her. >>>13.11.06 - ENDELIG BESTILLING. Bestillingsfristen for Barlia- bukser og genserar har no gått ut, og det vert sendt ut mail om betaling ein av dei komande dagane. Les meir. >>>10.11.06 - NY DESIGN Nattcup-laget
Los Caballeros har laga nytt design på heimesida si, i tillegg til det
har ein del ny info kome ut på sidene deira. Les og sjå meir på
www.loscab.tk.>>>09.11.06 - COCA COLA CUP Barlia F.K. er i dag påmeldt Coca Cola Cup i Sunnmørshallen lørdag 30. desember. Les meir på www.cocacolacup.no. >>>02.11.06 - NATTCUP 2007 Heimesidene til Nattcup 2007 blei i dag opna for påmeldingar. Barlia F.K. og Barlia F.K. Bedrift er nokon av dei første påmeldte laga. Les meir på www.nattcup.net. >>>29.10.06 - BESTILLINGAR HITTIL Til no har det komt inn 11 bestillingar (29.10.06), sjekk bestillingslista her. >>>28.10.06 - BUKSE OG GENSER Det er laga klart eit bestillingsskjema for kjøp av Barlia- bukse og genser på forumet. Pris for buksa: 250 kr, genseren kosta også 300 kr. Trykk her for å gå til bestillingsskjemaet. >>>07.10.06 - NATTCUP 2007 Frå fredag 5. januar til lørdag 6. januar går Nattcup 2007 av stabelen i Strandahallen. Dette får Barlia Fotballklubb opplyst av Nattcup-leiinga. BFK stiller med samtlige lag. >>>04.10.06 - ESPELUND VERT ADM DIR Den tidlegare BFK-Bedriftspelaren Nils Erik Espelund går inn i stillinga som administrerande direktør i Barlia Fotballklubb. Ei av hovudoppgåvene til Nils Erik vert å oppretthalde den stabile økonomien i klubben. -Eg gleder meg til å tiltre i jobben, seier Nils i ein kjapp kommentar over telefon. Espelund startar arbeidet 1. januar 2007. >>>01.10.06 - "THORO" SIGNERER Thoro Olav Drege signerer for BFK Bedrift. 11 år og 33 dagar sidan han scora sist gong for Barlia F.K., er han igjen under klubbens vingar. Vi ønsker lykke til. >>>30.09.06 - ESPELUND LEGG OPP Den habile BFK Bedriftspelaren Nils Erik Espelund har bestemt seg for å legge fotballskoa på hylla. Etter to år i oransje trekk forsvarspelaren seg tilbake, og Barlia Fotballklubb takkar for innsatsen. Det vert i desse dagar forhandla fram ein avtale der Nils Erik skal tre inn i ei administrativ stilling i klubben. >>>29.09.06 - NICOLAI TIL FARMERS Det vart i dag klart at Nicolai Græsdal går frå FK Barlia til BFK Farmers. "Nicen" får der drakt nummer 13. >>>28.09.06 - OPPDATERINGAR Det er i desse dagar ein del utskiftningar og forandringar som vert gjort i Barlia Fotballklubb. Dette gjeld også heimesida vår, derfor kan den til tider være "nede". >>>22.09.06 - SAMANSLÅING Skipinga av det nye "Liabygdalaget" fører til at FK Barlia blir slått saman med Barlia F.K. Det blir i desse dagar jobba med å få klar Barlia F.K.-stallen for 2007, som kjem til å bestå av 10 spelarar, då dette er maks spelarantall ifølge nattcupreglane. >>>19.09.06 - NYTT LIABYGDALAG Liabygderane i Barlia Fotballklubb har i haust bestemt seg for å skipe eige lag. Dette rammar tre av fem lag i klubben vår. Barlia F.K. mistar Joakim Dalen, Ole Kr. Lied og Geir M. Lied, FK Barlia mistar Marius Moe og Kåre M. Ringset, og Barlia F.K. Farmers mistar Stig T. Lied. Dei tre første har vore med sidan 1999, dei to neste sidan 2001, og Stig har spela ein sesong i klubben. Vi takkar alle Liabygderane for innsatsen og dei fine åra. Lykke til vidare! >>>28.08.06 - FRÅ FARMERS TIL HIL BFK Farmers-spelarane Aril Ravnøy og Kato Vangen har i dag avslutta si tid i Barlia F.K. Dei har berre spela henholdsvis eit halvt og eit år i klubben, men går no til Hoggorm IL. Barlia Fotballklubb takkar for innsatsen, og ønsker lykke til vidare. >>>29.03.06 - SHADWELL.NO Strandas nest største stoltheit, Shadwell Town har skaffa seg .no-domene. Sjekk du den feiande flotte www.shadwell.no. >>>18.03.06 - NATTCUP 2006 Den habile BFK Bedriftspelaren Ole Petter, har sendt følgande filmsnutt frå Nattcupen som var i januar. Sjå filmen her. >>>08.03.06 - FC WALKOVER Ein ny Stranda-klubb har i vinter sett dagens lys, og vi har lagt ut link til heimesida deira under linken Linkar i menyen, sjekk ut. (-: >>>07.03.06 - ENERGI-CUP FOR BFK Be? Ole Petter har lufta eit forslag til cupdeltaking for BFK Bedrift i forumet. Les meir i forumet. >>>06.03.06 - VESTBORGCUP 2006 Bilder av BFK Farmers på Vestborgcup'06 ligg no ute. >>>08.02.06 - VESTBORGCUP 2006 BFK Farmers tok andreplassen på Vestborgcup`06. Dermed vart den tre år lange sigersrekka til Barlia-lag avslutta. Tabellar og resultat er oppdatert, bilder frå cupen kjem. >>>02.02.06 - VESTBORGCUP 2006 Til helga er det Vestborgcup på Stranda, og BFK Farmers forsvarar tittelen frå i fjor. Vinn dei i år, er det fjerde året på rad at eit Barlia-lag vinn denne cupen. Alle vi andre ønsker Farmers lukke til. Full oppdatering kjem over helga. (BFK Babes stiller ikkje). >>>26.01.06 - DIKT I GARDEROBA Rett før Nattcup 2006 fekk Barlia F.K. følgande dikt av storskalden frå Strandadalen. Les meir. >>>25.01.06 - INGEN CCC FOR BEDRIFT. Det vart vanskeleg å samle troppane for BFK Bedrift til CocaColaCup i Bergen den 12. februar, men eit anna "Stranda-lag" stiller på turneringa. Les meir på www.campstranda.tk. >>>20.01 - COCA COLA CUP?? Søndag 12.02.06 er det CCC i Vestlandshallen utanfor Bergen, og BFK Bedrift lurer på å stille lag igjen. Det er laga til eit påmeldingsskjema for Bedrift-spelarane på forumet. Sjekk ut forumet her. >>>10.01.06 - NATTCUP 2006. Resultat, bilder, tabellar osb frå Nattcup 2006 er no oppdatert, sjekk ut menyen. >>>09.01.06 - GENERALFORSAMLING. Mykje info med bilder og tekst frå Generalforsamlinga og festen etter Nattcup er lagt ut på linken Generalforsamlingar. Les meir. >>>07.01.06 - NATTCUP 2006. Barlia Fotballklubb gratulerer Prim med sigeren på Nattcup 2006, vi gratulerer også våre eigene gutar (BFK Farmers) med den finfine fjerdeplassen, og ikkje minst Aril, som blei årets spelar! >>>06.01.06 - NATTCUP 2006. Barlia Fotballklubb ønsker alle laga som stiller til Nattcup'06 lykke til!! Måtte det beste Barlia-laget vinne! Trykk her for å sjå kampoppsettet. >>>05.01.06 - NY LINK. Det er lagt ut ny link på linkar-sida. >>>04.01.06 - NATTCUP 2006. I samband med turneringa til helga, luftar ein av Barlia F.K. sine eminente angriparar tankane sine. Les meir.
|
>>>31.12.05
- FELLESTRENINGAR. I romjula 2005 gjennomførte vi to treningar for å få vekk litt juleflesk og få litt ballkontroll. Les meir. >>>30.12.05 - BFK BEDRIFT I 100!! Sjølv om det var fellestreningar i romjula, satte BFK Bedrift opp eigne ekstra-treningar. (For å verte enda betre??). Les og sjå meir her. >>>26.12.05 - T. HOVE TIL FK BARLIA. Etter at Marius måtte hive inn handduken til Nattcup, har FK Barlia fått seg ein ny keeper. Les meir. >>>24.12.05 - GOD JUL. Det meldast om god julestemning og kos frå alle "BFK-heimar", god jul!! >>>23.12.05 - TREKNING NATTCUP 2006. I dag vart gruppene og kampoppsettet for cupen i januar klart. Les meir. >>>21.12.05 - NATTCUP 2006. Lite nytt frå julekalenderen dei siste dagane, men i dag kjem det ein liten kommentar frå Barlia Fotballklubb. Sjekk ut julekalenderen her. >>>18.12.05 - FORUM. Barlia Fotballklubb har i dag skaffa seg forum, der det meste kan diskuterast. Sjekk ut linken BFKs Forum i menyen eller trykk her. >>>17.12.05 - NATTCUP 2006. I dag er det ein av favorittane som skal under lupen. Desse karane overraskar ikkje om dei stikk av med pokalen til odel og eige etter Nattcup'06. Sjekk ut Los Caballeros her. >>>16.12.05 - NATTCUP 2006. Årets cup bli bombandert med lag frå Haram, og det er jo bra! Vasco de Fiasco er eit av dei. Les meir her. >>>15.12.05 - NATTCUP 2006. Kanskje eit av dei farligste laga til Nattcup, Systembolaget, orienterer om ståda i klubben her. >>>14.12.05 - NYTT DOMENE. Barlia Fotballklubb har skaffa seg nytt domene for heimesida. Det nye domene er: www.barliafk.com. >>>14.12.05 - NATTCUP 2006. Bak juleluka i dag er det melding frå Ekkel & jævlig-gjengen. Trykk her. >>>13.12.05 - GENERALFORSAMLING. Det er til no 31 stk som har meldt seg på Generalforsamling 2006. Trykk her for meir info og påmelding. >>>13.12.05 - NATTCUP 2006. I dag er det Kappa Nova sine tankar rundt cupen som vert publisert på den såkalte julekalenderen. >>>12.12.05 - NYHEITSARKIV. Etter at det i den siste tida har kome så mange nyhende på denne sida, har det no blitt oppretta eit nyheitsarkiv. Hurra! >>>11.12.05 - NATTCUP 2006. Det var ingenting bak "julekalender-luka" i går, men i dag er det Raging Retards som kjem med litt info. >>>09.12.05 - NATTCUP 2006. Ei ny luke er opna i "julekalenderen" til Barlia Fotballklubb, trykk her og sjekk ut kva Prim har på hjarte. >>>08.12.05 - NATTCUP 2006. Nattcup 2006 ser ut til å bli ein kanonbra cup, laga strøymer på og det er tydeleg ein verkeleg god gjeng som styrer nattcup i år. For å fyre stemninga endå meir opp, vert det på denne gilde internettsida lagt ut litt førjulsinfo frå nokre av laga som stiller til cupen i januar. Først ut: Shadwell. Trykk her og les meir. >>>08.12.05 - NYE LINKAR. Linkar-sida er oppdatert med nye linkar. >>>03.12.05 - NATTCUP 2006. I går vart BFK Babes, som femte og siste lag i Barlia Fotballklubb, påmeldt Nattcup'06. Dette er første gongen alle Barlia-laga stiller på ein og samme cup. Les meir her. >>>02.12.05 - NYTT AVISUTKLIPP. Av den eminente Shadwell-spelaren Hogne Folkestad har BFK fått ein ny artikkel å ha i samlinga. Denne artikkelen er frå 2004 og omhandlar Nattcup'04 og 10-årsjubilêet vårt. Sjekk ut linken Avisutklipp under Fakta om BFK i menyen over. >>>01.12.05 - NYE LINKAR. Det har kome nye linkar på Linkar-sida, og linken Artiklar har i dag dukka opp i menyen - sjekk ut, sjekk ut!! >>>13.11.05 - COCA COLA CUP 2005. Barlia F.K. Bedrift deltok i dag på CCC i Vestlandshallen utanfor Bergen. Resultat og bilder er lagt ut. >>>19.10.05 - CCC FOR BFK BEDRIFT. Det vart i dag klart at Barlia F.K. Bedrift stiller på Coca Cola Cup i Vestlandshallen, Bergen søndag 13. november. Også eit anna "Stranda-lag" skal være med på cupen, nemleg Camp Stranda Fotball. Les meir om CS Fotball på www.campstranda.tk, og om CCC på www.cocacolacup.no. >>>17.10.05 - NY MANN PÅ BEDRIFT. Det vart i dag klart at BFK Bedrifts spelar nr. 11, Torstein Engeset, legg opp som Barlia-spelar. Mannen som skal fylle 11er-drakta frå no av er tidlegare manager PK Vågsæter. Vi takkar Torstein for innsatsen, og ønsker PK velkommen som spelar. >>>01.10.05 - NATTCUP 2006. I dag vart BFK Bedrift, som det fjerde Barlia-laget, påmeldt Nattcup 06. Frå før har FK Barlia, Barlia F.K. og BFK Farmers meldt seg på cupen. Les meir på www.nattcup.net. >>>27.09.05 - GENERALFORSAMLING. Lørdag 7. januar 2006 kl 20.00 er det klart for Generalforsamling i Barlia Fotballklubb. Som vanleg er det Møteplassen i Stranda sentrum som er samlingsstad etter Nattcup 06. Cupen er avvikla tidlegare på denne dagen. Trykk her og les meir. >>>26.09.05 - TO NYE SPELARAR. Det vart i dag klart at Stig Tore Lied og Arid Ravnøy er i BFK Farmers sin stall frå Nattcup 2006. Vi ønsker begge to hjarteleg velkommen!! >>>23.09.05 - FØRSTE LAG PÅMELDT. FK Barlia er herved, som første lag, påmeldt Nattcup 2006. Espen, Jogeir, Bjørnar, Torgeir, Marius, Kåre, Odd og Nicolai er klar. Lars Thore blir ikkje med denne gongen. Han reiser tilbake til USA 3. januar, og får dermed ikkje med seg turneringa og den o`store Generalforsamlinga. >>>22.09.05 - NATTCUP 2006. Nattcup 2006 er no klar for å ta imot påmeldingar på www.nattcup.net. Sjekk ut! >>>22.09.05 - LOS CAB. PÅ NETT. Los Caballeros har fått seg ny heimeside, sjekk ut www.loscab.tk >>>26.08.05 - PRESSEMELDING. Trykk her for å lese pressemeldinga som er lagt ut frå BFK Bedrift. >>>01.08.05 - KNALLHARD VEKE. Heile 5 treningar har BFK Bedrift gjennomført i veke 30. Trykk her og les og sjå meir og saka. >>>26.06.05 - BFK BEDRIFT-TRENING. Søndag 26.06 gjennomførte Barlia F.K. Bedrift si første trening nokon gong. Trykk her for å lese meir og sjå bilder frå treninga. >>>01.04.05 - SESONGEN OVER. Barlia Fotballklubb takkar alle spelerar, medhjelparar, sponsorar, motspelarar, cup-arrangørar osb for 2005-sesongen. Vi er klare for nye sprell i 2006. >>>29.03.05 - VESTBORGCUP-BILDER AV BABES OG FARMERS LAGT UT. Bilder av "Bronse-laget" BFK Babes og, ikkje minst, "Gull-laget" BFK Farmers frå Vestborgcup 2005, er lagt ut på respektive linkar i menyen. >>>28.03.05 - BILDER LAGT UT. Bilder frå Generalforsamlinga 2005, er lagt ut på linken Generalforsamlingar under Fakta om BFK. >>>06.02.05 - BFK FARMERS VANN, BRONSE TIL BFK BABES. Vestborgcup 2005 vart arrangert 4.- 5. februar. Farmers gjekk ubeseira gjennom trurneringa og fekk gull. I jenteklassa vann Babes bronsefinalen. Meir info på linkane over. >>>28.01.05 - SJÅ TALEN TIL HOMLONG Hans Martin sin tale på Generalforsamlinga 2005 er lagt ut på linken ved samme navn under Fakta om BFK og Generalforsamlingar. >>>13.01.05 - NATTCUP 2005 No er resultater, bilder, toppscorerlister og anna frå Nattcup 05 oppdatert på dei respektive linkane over. Det vil også komme meir. >>>09.01.05 - NATTCUP 2005 Barlia Fotballklubb gratulerer Los Caballerlos med seieren på Nattcup 05. >>>06.01.05 - NY BFK BEDRIFT-SPELAR Henrik Bjørdal vart i dag klar for Barlia F.K. Bedrift. Den tidlegare Kjølås- og Strandaspelaren kom til BFK Bedrift på free transfer. Vi ønsker Henrik velkommen! >>>01.01.05 - SPELARAVGANG Etter tre år i Barlia Fotballklubb har Martin Espelund valgt å slutte i klubben. Vi takkar Martin for innsatsen og ønsker lykke til vidare. |
|||
| >>>Til toppen. |